...

tirsdag 21. mai 2013

Hagestova utvendig

 
 
 
 
 
 
 
Eitt av dei mest etterspurde bilda på bloggen kanskje? Framleis ikkje ferdig med hagestova, men her er eit bilde frå terrassen og inn. Har bodd der ute i pinsa, nesten slik at eg vurderte å hente soveposen og vere der natta også... ELSKAR dette rommet! :) Skal love å ta fleire bilder når vi har fått planta og rydda litt meir.
 
 
 
Elin
 
 
 


fredag 17. mai 2013

Hagestovekos på 17.mai!

 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
Diverse leverandørar, Herlighet
 
 
Gratulerer med dagen Norge!
 
 
Eg er så strålande lukkeleg over å få bo i eit så flott land!
Akkurat no befinn eg meg i Geiranger, og noko meir norsk kan ein vel knapt finne?
 
Pinsa står for døra, den eine kjekke begivenheita etter den andre!
Eg mumla visst om tapas sist eg var innom bloggen, men eg valde å lage ein liten vri i går. Ungane åt opp alt før eg rakk å snu meg rundt, så eg trur det var vellukka? Det er ein sann nytelse å lage mat i hagestova igjen. SÅ mykje kjekkare enn å stå inne ved kjøkkenbenken. Og når temperaturen er stigande, og vèrvarsla fantastiske, så er det berre å belage seg på å bo her ute :) Og det skal eg. No er det sommar! Og den skal nytast!
 
Har du lyst å prøve deg på ein nydeleg
Philadelphiarull à la Elin?
 
Smør ei tacolefse med philadelphiaost og Red Pepper & Aubergine pesto frå Nicolas Vahè.
Legg skiver av chorizopølse med grøn pepper utover lefsa. Dekk over med salatblad og tynne skiver med snackpaprika og vårløk. Rull saman lefsa, fest med tannpirker så den held seg saman før servering.
 
 
Så er det berre å nyte smaken av sommar!
Ha ein flott dag alle der ute! 
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 14. mai 2013

Bloggpause i Spania

 
 
 
 
 

 
 
Ein av dei tinga eg har vore redd for siste åra, er å reise. Livredd for å bli dårleg og sengeliggjande med ryggen når eg er på ferie. Dette har lagt masse begrensningar på kvar og korleis vi har reist. Men rundt nyttår inviterte gode vener oss med til huset sitt i Spania. Eg tenkte at dette var eit stort mål, men noko eg skulle jobbe for å gjennomføre. Avtalen var at dei andre skulle reise uten meg viss eg fekk ein dårleg periode. Det gjorde eg ikkje, og forrige veke kosa vi oss sør for Alicante. 
 
Eg saknar å liggje på stranda i steikande sol, men i dag var eg på min første stortur
til ein fjelltopp sidan hausten 2011, ikkje verst det heller? Store kontrastar til nysnøv og kald vind; men eg elskar jo tross alt det også :)
 
 
Blogginnlegg er på gang,
det blir tapasmåltid i hagestova før pinsehelga ;)
 
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 2. mai 2013

Svart & kvitt



 
 
 
 
 
 
 
 
 Kjole frå Indiska
 
Yndlingskjole/tunika...
Kanskje ikkje så vanskeleg å gjette for dei som kjenner meg
gjennom bloggen? Eg er veldig glad i svart, kvitt og brunt i klesveien også.
 
Berre fredagen igjen før ei veldig spesiell helg for familien her.
Men den er av den gledelege sorten ;)
 
 
Ynskjer alle ein fin vekeslutt!
 
 
Elin
 
 


onsdag 1. mai 2013

M A I

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
Pumpkin Seed Oil frå Nicolas Vahè / HERLIGHET
 
 
Har mange favorittar på kjøkkenbenken frå Nicolas Vahè. Alt frå oljer til krydder og bruksgjenstandar. Det er ingen bakdel at designet på tinga er vakkert i tillegg. Pizzadeiga blir ekstra god med pumpkin seed oil og hakka, tørka tomatar. Nøttene står framme i skåler heile tida, eg brukar dei som mellommåltid. Sunt og godt! Har ete veldig mykje frukt og nøtter siste halvåret.
 
Er i søndagsmodus, er spent på kva dag eg trur det er
når eg vaknar i morgen?
 
 
Ynskjer alle ein flott M A I månad!
 
 
 
Elin
 
 


søndag 28. april 2013

Kurert for fotoskrekk?

 
 
 
 
 
 
Eitt av måla mine i 2013, var å klare å stå framfor kamera, utan å få angst. Skreiv om det HER. Sidan det innlegget, har eg vore gjennom ein prosess. Både tatt bilder av meg sjølv, men også blitt tatt bilder av. Eg kan ikkje seie at eg synes det er stas å posere, men det viser seg at ein faktisk kan venne seg til dette også. Bilda i dag er tatt av dattera mi sist fredag, og eg skal vere så tøff at eg deler dei på bloggen min. Siste utfordringa er herved utført. Kjenner at det ikkje er slik eg er oppdratt; ein skal ikkje dele slike bilder av seg sjølv? Jantelova og andre uhumskheiter ligg og lurer. Men for meg er dette eit stort skritt i rett retning. Eg fyller snart 42 år, og har som neste mål å akseptere meg sjølv som eg er. Eg trur mange kvinner slit med dette? Vi er flinke til å fortelje andre at dei er bra nok, men kjenner aldri det same om oss sjølve? Slik er i alle fall eg. 2013 vil for meg vere eit år der eg må akseptere kropp og sinn slik som det er, sjølvsagt arbeide for å forbedre både fysikk og psyke, men senke skuldrane og tenkje at eg ikkje er så verst i utgangspunktet.
 
Eg setter veldig stor pris på kommentarar der andre forteller meg om sine utfordringar, eg treng ingen om korleis eg ser ut. Dette innlegget handlar om alle oss som tek tak i ting som er vanskeleg og gjer livet bedre. For meg er det ikkje utseende som teller, men evna til å føle at ein er bra nok. Uansett!
 
Eg stod framfor 50 stk sist veke og snakka om det å vere kreativ og viste bilda mine. Det hadde eg aldri klart uten å jobbe med sjølvtilliten. Og eg kjenner meg sterk.
1000 gongar sterkare enn for eit halvt år sidan.
DET er gull verd!
 
 
Ynskjer alle ei flott, ny veke!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


fredag 26. april 2013

Spafølelse på eit lite bad

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
Herleg serie frå L:A bruket, og sjølv om dette er eit sponsa innlegg, ELSKAR eg berre produkta! Du finn eit godt utvalg hos Herlighet!
 
 
Nyvaska bad, og fredag. I hyllene har eg sett opp spa og velværeprodukt frå L:A Bruket. Sjølv om eg tek inn sponsa reklame på bloggen min, er det alltid produkt og ting som eg ville valgt til huset uansett. Det er ein del av avtalen min. Eg klarer ikkje å anbefale og blogge om ting eg ikkje likar. Denne serien frå Bruket har eg blitt heilt forelska i. Vi har brukt såpa sidan i fjor haust, og både små og store sakna henne stort når vi måtte vente på ny forsending for ein måned sidan. Har investert i duftlys i dag, og veit eg kjem til å kjøpe meg ein skrubbkrem med appelsin... 
 
Luksusfølelse på eit lite bad. For det er veldig lite :) Som eg sa ein dag før; det er mykje trixing for å få tatt bilder til bloggbruk. I dag har eg ikkje kutta bilda, slik at ein ser at eg faktisk sitt oppå doen for å få med skåpa i hjørnet. He-he :) veldig romantisk!
 
 
Ynskjer alle ei flott helg!
 
 
 
Elin
 
 


onsdag 24. april 2013

Kjøkken | Kitchen

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
Nystrøken skjorte inspirerte til litt bilder frå kjøkkenet i dag ;) Eg synes kanskje at desse bilda har blitt viste før, men det er no ein gong slik det ser ut på kjøkkenet. Og eg bytter ikkje ut ting i rasande fart, her har det med å stoppe opp når eg finn ting eg likar. Eg har ein lidenskap for kvite flater og trefarga ting, og min siste "big love" er grøne planter. Og den tendensen varer nok både vår og sommar igjennom? Når livet har blitt så fullt av andre aktivitetar enn hus og interiør, kjem hobbyen i bakgrunnen. Det er også ei utfordring å ta bilder på fritida, når ein gjer det i jobbsamanheng ellers. Men eg ser at det held på å gå seg til? Klart eg har lyst å pusse opp, eller ommøblere, men eg prioriterer ikkje slike ting no. Pengar, tid og energi blir lagt ned i ting som eg ikkje har klart å gjere på årevis. Så bilda mine blir ikkje så spennande innhaldsmessig, viss du har lest bloggen min ei stund. Men eg håper likevel dei kan inspirere?
 
 
Her er veldig grått i dag, regnet plaskar ned, så eg har tent lys på kjøkkenbordet, og sett på musikk som minner om late sommardagar...
 
Eg er god på å drøyme, you know! ;)
 
 
 
Elin
 
 


tirsdag 23. april 2013

Soverom | Bedroom

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 




 
Bildeserie tatt for HERLIGHET, diverse leverandørar
 
 
Hadde nokre fine timar i går, der eg fekk ta bilder på soverommet mitt for Herlighet. Bilda skal brukast som reklamemateriell for butikken, og eg kjende prestasjonsangsten dunke i kroppen. Blir liksom noko anna enn å ta bilder til eige bloggbruk? Hovedfokuset skulle vere på sengetøyet i sateng som er av merket Drøm, og er til halv pris i butikken. Soverommet er ganske lite, og det er ei utfordring å klare å få til gode bilder. Stod inne i kleskottet for å få med heile senga med 50mm objektivet :) Eg skal innrømme at ein lærer seg nokre knep etter over tre og eit halvt år med interiørblogging ;)
 
 
Bloggen sin teljar passerte 500.000 unike treff for
ei veke sidan. Har planar om ein giveaway for å feire dette? Men først og fremst må eg få takke alle som er innom. Det totale antal treff har passert 1.000.000
 
 
Thank You all for Visiting DRAUMESIDENE!
 
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 21. april 2013

Bilder frå gang og kjøkken

 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
Kjole/Kappahl Vannflaske/Herlighet Bilde/Herlighet Fotoveske Kelly Moore/Fotobag.no
 
 
Søndag igjen folkens!
 
Veka mi har vore prega av hovudverk i dagevis, ikkje alltid kroppen har lyst å tole trening og stress... Men no er alt bedre, og eg gleder meg til ei ny veke :) Jobbar med reklamefoto, kanskje eg droppar innom her med nokre bilder, sidan dei skal vere av interiør?
 
Bilda i dag er tatt frå ein vinkel eg ALDRI har vist før, inn utdøra, gjennom gangen og inn på kjøkkenet. Kan i alle fall ikkje huske å ha stått ute og tatt bilder inn før?
 
 
Ynskjer alle ei fin, ny veke!
 
(Og for min del uten nakke og hovudverk!)
 
 
 
Elin