...

søndag 23. februar 2014

Om å leve - fullt ut!

 
 
 


For fire år sidan i februar, hadde eg så lite energi og krefter, at eg ikkje forstod korleis eg skulle kome meg gjennom dei neste månedane. Huskar så godt februar 2010. Siste åra hadde slite meg fullstendig ut. Masse smerter og sorger i livet mitt. Ei småbarnsmamma med store kompleks for at eg ikkje klarte å strekke til... Det er vondt når det svarte inne i hovudet blir større og større, når ein kjenner ekko i tankane sine, når ein svimlar fysisk av utmattelse.
 
Eg veit mange har meiningar om kva som har feila meg, og eg har fått høyre diverse diagnoser. Sånn i etterkant forstår eg sjølv at dei fysiske plagene mine sleit meg fullstendig ut, og at psyken sånn blir sett på voldsomme prøvelsar. Viss ein i tillegg har små barn som søv dårleg på natta, og er mykje sjuke er det lett at ein får overbelastning på harddisken i hjerna. Likevel har eg aldri gitt opp. Så om det svarte har omkransa meg til tider, har der alltid vore vilje til å kjempe vidare. Når det kjem til stykket, er det ein sjølv som må bestemme seg for å forandre livet sitt. Er ein heldig, står familie og vener klare til å heie ein framover, hjelpe til.
 
Mi forandring starta på førjulsvinteren i 2012. Eg hadde slite heile året etter at min fjerde prolaps oppstod i desember 2011. Eg fekk to mailer her via bloggen, frå to kjekke damer, uavhengige av kvarandre. Dei oppmoda meg til å prøve å kutte ut sukker og kveitemjøl i kosten. Noko sa meg at det var verd eit forsøk. Etter tre veker, kjende eg forandringar i kroppen. Betennelsane og hevelsane rundt diverse ledd gjekk tilbake. Eg kom i gang med å gå. Ikkje så langt, men eg gjekk igjen. Målet var å slutte å halte før 2013. Det klarte eg nesten. Sidan då har eg kjempa nesten kvar dag. Sett meg nye mål. Nådd nokre, manglar enno ein del av dei.
 
Eg håper inderleg at nokon der ute les dette, og tenkjer at : dette kan kanskje eg også klare?
Eg er overbevist om at kosthaldet vårt er kjempeviktig for korleis vi har det helsemessig? Og det å legge inn fysisk aktivitet i kvardagen. Eg vil også minne alle som er ute av arbeidslivet om at vi har lov å leve! Ein kan ikkje bli frisk viss ein gøymer seg inne, i redsel for kva naboen skal seie om ein rister tepper eller tek seg ein treningstur. Dette er ein del av det å bli friskare!
 
Det å ladde opp igjen "grunnenergien" i kroppen tek lang tid, når ein har vore sjuk lenge. Ein treng mykje trening både fysisk og mentalt for å finne seg sjølv igjen. Kroniske smerter gjer noko med eit menneske. Og det å skulle akseptere at ein har det som ein har det, kan vere vanskeleg.
 
Grunnen til at eg skriv dette innlegget i dag, er at eg vil hedre storesøstra mi, Kristin, som har gjort det same som eg gjorde. Lagt om kosthaldet, og kome i gang med trening. Ho har gått ned over 20 kg på fem mnd, og nådde sin første fjelltopp på fredag!
Eg er så uendeleg stolt av henne!
Og det beste er at det lyser glede av henne! Kristin har også problemer med ryggen etter ei bilulykke, og utfordringane står i kø. Likevel har ho funne styrke til å gjennomføre desse forandringane i livet sitt.
 
 
 
 
Eg drøymer om å kunne feste historia mi på kvite sider, og at det til slutt blir ei bok. Ikkje fordi eg har behov for ære og berømmelse, men tanken på å kunne hjelpe andre gir mi historie meining. Framtida får vise. Akkurat no går all tid og energi med til positiv tenking og trening.
 
Eg føler meg som verdas heldigaste jente, som igjen kan gå i fjella, og ikkje minst klarer å smile heilt frå inst inne i hjertet mitt! Posen som heng på veggen min på kjøkkenet, minner meg kvar dag om at sjølvtillit faktisk ikkje er noko ein kan kjøpe. Ein må stå på sjølv, for å tru at ein er bra nok. Det hjelp ikkje kun at andre sei det, ein må også tru på det sjølv! Ein går ikkje ut på dato berre fordi helsa hanglar. Tvert imot! Ein kan kome tilbake som eit sterkare og modigare menneske!
 
 
Takk til alle fine folk som har støtta meg i året som har gått! Kampen min fortsetter! Og Kristin; STÅ PÅ VIDARE!
 
 
 Ein ekstra god klem til alle som prøver å gjere
ei forandring i livet sitt
i veka som kjem!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


14 kommentarer:

  1. Du er den sterkeste solstrålen jeg vet om!! Full av kreativitet og inspirasjon. Og dess mer en vet om bakgrunnen din, dess mer imponert blir en!! Vi har fått et nytt uttrykk de siste dagene, og jeg bruker det : Jeg tar av meg støvet og bøyer meg i hatten for deg, Elin :)
    stå på videre !!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen-tusen takk Gudlaug <3 Du er alltid eit stort smil for meg!

      Klem,
      Elin

      Slett
  2. Så fin helsing å få Nina! Tusen takk! Det er litt rart å skrive slike personlege ting, og sjå at mange les det (kanskje? kanskje mange snur og ikkje les, berre konstaterer at her ikkje var interiørbilder?) og ikkje kommenterer. Bloggen har jo blitt slik, og det er heilt OK. Men eg kjenner det er veldig godt å få litt feedback på eit slikt innlegg. Det beste er når nokon faktisk forteller meg at det gjorde ein forskjell for dei. Då var det verd å kle seg "litt naken", viss andre kan føle at det hjelper deira situasjon. Eg har fått nokre mailer sidan i går, der folk forteller litt om si historie. Slikt gjer inntrykk på meg. Sender gode tankar til alle soom slit, husk at det er lys i enden av tunnellen!

    God klem til deg Nina!
    Håper veka di blir god!

    Elin

    SvarSlett
  3. Hei Elin! Det er så sterkt å lese det du skriv, kjenner meg så igjen! Godt å høyre at ein ikkje er aleine med liknande utfordringar. Trur alle som opplever kroniske plager går gjennom dei samme problema med å f.eks. halde motet oppe, og å takle alle dei ulike meiningane folk he.. Du kjenner deg sjølv best og fortsett med det! Eg følger bloggen din kvar veke og du imponerer meg med alt det kreative du gjer :))) Stå på! :)

    SvarSlett
  4. Utrolig flott innlegg!
    Kjenner meg igjen i mye av det du skriver.
    Lykke til videre med målene dine :)

    Fin ny uke til deg!
    - AC

    SvarSlett
  5. Er så glad for at du står frem med din historie! Har vært mye syk selv og føler stadig at det kan være en "kamp" å klare å fungere sånn noenlunde normalt. (Har hatt ME i flere år.) Er sikker på at du har klart å gi håp i en tung hverdag for mange av oss som leser bloggen din! Klem fra Lene :)

    SvarSlett
  6. You ROCK! seie berre e! utrulig rørende å lese! Du e så flink å sette ord på ting! Digga deg, og den energien du har med deg! heilt nydelig e du! keep up the good work! Du e super Elin! Og e håpe du en dag du får gitt ut boka di! Den komme til å gi masse livsglede til såå mange!! stoor klem

    SvarSlett
  7. Ich wünsche dir viel Kraft, liebe deine Kreativität und deinen Blog.
    Alles Liebe Katrin

    SvarSlett
  8. Gode Elin!
    Sterkt å lese!
    Godt å lese!
    Heiar på deg!

    Varm klem @-}--

    SvarSlett
  9. Fine og kloke ord.Jeg er selv kronisk syk,og dette var god lesing for meg...

    Stå på!Av alle medisinene jeg tar er positivitet den viktigste:)

    Klem Linda

    SvarSlett
  10. Hurra !! Fulgt deg en stund og selv om jeg ikke kjenner deg er jeg utrolig stolt at du hat tatt tak i livet ditt <3
    Heier på deg og kommer garntert til å kjøpe boken din :)
    Klemmer i fleng !

    SvarSlett
  11. Once the MgO is isolated, Air Krete is fendi outlet created with the addition of a tiny bit prada handbags of ceramic talc, water and a foaming agent.

    SvarSlett
  12. Takk for at du inspirerer Elin!
    Du er ei flott dame som jeg ser opp til <3

    Fin fin påske!
    klæm Siw

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!